Tilbake til Neverland

Det er i ferd med å reise seg eit nytt byggverk nedst i Toksefeltet. Byggherren har ikkje tenkt eit sekund på korkje standard eller status, men er sannsynlegvis av Vinstras mest fornøgde nyslåtte huseigarar. Byggherren er min eldste son på 4 år.
Han peiker og bestemmer, mens far er pent nøydd til å gjere som junior seier. Ja, vi har bygd oss trehytte – reist av tre gamle pallar og impregnert plank, helde saman med attglømt spiker frå da byggherrens far bygde hus for eit par år sidan. Bygget har trass plasseringa fått namnet Sjørøvarborga. På toppen av byggverket vaiar eit sjørøvarflagg, og skogen rundt skal visstnok vera full av både skattar og skogshai. Ei fantastisk verd. Da eg sjølv var gutunge hadde eg og ein kamerat eit valdsamt byggverk i skogen ved huset hans, komplett med taugstiger, bruer og tårn. Eg hugsar framleis den frie, Peter Pan-aktige kjensla eg hadde da vi slang oss frå tre til tre og skapte vårt eige univers. Eit slikt ”Neverland” vil eg at også mine ungar skal få oppleve. Det er utruleg kor lett det er å arbeide når ein er omgitt av barnleg glede. Og utruleg lett å snikre ting ein ikkje eigentleg har bruk for, men lyst på. Den siste tilveksten til bustadfloraen i Toksegrenda er kanskje ikkje den vakraste, men jammen trur eg den vil gi minst like mye glede som einebustadene til fleirfaldige millionar. Og hytta kostar ikkje ei krone. Ikkje berre gir det ei enorm glede å sjå stoltheita lyse i augo til guten – det får meg også til å tenkje på at vi vaksne skulle vore flinkare til av og til å ta til takke med ein litt enklare standard. Alle barn (og vaksne) skulle ha ei trehytte. Men du verden kor godt det er å kome i hus att etterpå…
Bjørnson
(petit i Lokalavisa Dølen, november 09)

