DET RUNDE FULLMÅNEBORDET
av og med Jørgen Orheim
Ei spenstig forteljing i 24 delar tek til i ein hage ved Svartehavet, der den vesle, foreldrelause guten Dariom finn ly for natta. Hagen skjuler ei stor løynd som Dariom, uvitande, er i ferd med å bli ein del av. Forteljinga tek oss vidare med til indre delar av Telemark, der bondesonen Gibert møter ein stallnisse som har vakna opp av dvalen sin fleire veker for tidleg. Vennskapet som oppstår mellom Gibert og nissen får følgjer som tøyer grensene mellom tid og rom. Det er snart jul; men fyrst må Gibert og nissen gjennom 24 kapittel med fantasifulle krumspring, sprelske lydeffektar, samt reiser til gamle Egypt og sagnomsuste Atlantis. Det runde fullmånebordet viser veg mot julefeiringa! |