Alternativ Julekalender
Det går ikke lenger an å skjule at jula begynner og komme mot oss. Det er vel 5mnd siden julebrusen og julemarsipanen kom i butikken, og til helga så starter de sikkert å henge opp julepynten på gata også.
Alternativ Julekalender er norsk musikkundergrunns adventsgave til folket. Den blir gitt av tre musikkinteresserte gutter som ikke ber deg om å gi tilbake, du trenger ikke svare på noen spørreundersøkelser og ingen telefonselgere kommer til å ringe deg midt i middagstiden.
Les mer >
Herregud ‘a Darwin
På tampen av Charles Darwin-året passar det med ei musikalsk anbefaling med link til den gamle skjeggen. Eg trur sanneleg han hadde likt det óg. Plata “Oh my God, Charlie Darwin” er både vakker, morosam og fengande på ein og same gong. Bandet The Low Anthem blandar amerikansk folk, gospel og country til ei bokstaveleg talt salig blanding. Oh my God!
Les mer >
Bokåret 2009
Ok, så har bokåret 09 vart ei god stund allereie. Det er eigentleg på hell, for å vera ærleg. Dei neste dagane kjem eg til å legge ut ein del bokanbefalingar – basert på eige lesing gjennom året, og særleg da siste halvår av 2009. Så får vi sjå når kritikarane skal oppsummere bokåret, om dei er samde med meg eller ei. I dag kjem det kort omtale om fem av dei beste norske bøkene eg har lest til nå i år
Les mer >
Gamle menn

Eg har ein tendens til å hamne i senga med gamle menn. Sjølv er eg framleis ein relativt ung mann, men likevel, altså, denne dragninga mot eldre, eg må heller seie eldre, dei er ikkje alltid gamle. Berre nesten. Alltid. Gamle.
Les mer >
Tulipomania
Mang ein sjømann har stranda i Amsterdam, byen som er flatare enn dei fleste, men likevel består av høgdepunkt etter høgdepunkt. Førre veke var det min tur til å forlise i Pannekakepolis. Vel er ikkje Amsterdam lenger den ultimate liberalarhovudstad – medan eg var der var den store snakkisen rettsaka som gjekk føre seg – om lovlegheita av sopp. Dyrking, sal og kjøp av sopp. Ja, det var sågar ikkje lenger lov å ha ein viss type sopp i hagen sin – sjølv om den voks der naturleg. Det minnar ikkje mykje om det gode, gamle frigjorte sjømannsparadis. Men: av alt det vakre i skaparverket var det ikkje soppen eg lot meg blende av. Ei heller dei prostituerte. Men tulipanen. Ein forbausande vakker skapning – om du gidd å ta deg tid til å gå den nærare etter i saumane. Og i desse finanskrisetider – også forbausande aktuell.





