Frie Tøyler > Vondt og vakkert våroffer

Vondt og vakkert våroffer


Eg har aldri hatt greie på bil. Og eg har ikkje vore i militæret. Likevel går Lars Myttings bøker rett heim.

Bokmelding:
”Vårofferet”
Lars Mytting
Gyldendal 2010

Igjen maner Mytting fram bildet av bygda på ein framifrå måte. Men denne gongen ei heilt annleis bygd enn Annor, som var åstaden for debutromanen Hestekrefter. Messingdalen – ein fiktiv stad om lag midt i Midtdalen – er ein stad du får frysningar på ryggen av. Til tider er det mest så ein kan høre den legendariske banjosoloen frå John Boormans film ”Piknik med døden”. Det er goldt, hardt og kaldt. Iskaldt.

Eit puslespel
Hovudpersonen i ”Vårofferet” er løytnant Aksel Størmer. Han kjem til Messingdalen etter å ha vore ansvarleg for ein ung soldats død under øving. Men om han meinte han skulle sleppe unna krig og skarpe oppdrag ved å kome til ein godt som nedlagt militærleir i øydemarka, tek han feil. For oppdraga står i kø for Størmer. Og krigane. Både med seg sjølv og andre. Slekta frå storgarden Tallaksen er sentrale i boka – eit mysterium som gradvis rullast opp. I dei fyrste møta med både Joanna utan H og Iver Tallaksen, er det mest som om ei slags magisk realisme får lov til å oppstå hos Mytting. Fleire små og større hendingar, personar og stader er nærast mytiske og uforklåra. I byrjinga er også Størmer sjølv eit aldri så lite puslespel, men sakte men sikkert fell brikkene på plass. Det gjer ”Vårofferet” til ei bok du ikkje klarar å legge frå deg.

Inkonsekvent teiknsetting
Når det er sagt er ikkje ”Vårofferet” heilt lytefri. Når det gjeld teiknsetting kan det stillast spørsmål ved kvifor Mytting og forlaget har gjort som dei har gjort, ved ikkje bruke korkje replikkstrekar eller hermeteikn, samt ein noko inkonsekvent bruk av spørjeteikn. Gledeleg da, at Mytting har funne rom for eit sjeldan syn i norsk litteratur – eitt semikolon – til og med riktig brukt, så vidt eg kan sjå. Likevel vinn han litt ved at den stort sett stutthogde prosaen får leve fritt, og om Mytting reindyrkar dette vidare, kan det bli eit språkleg særmerke for forfattarskapen.

Vårofferet
”Vårofferet” handlar fyrst og fremst om kva val vi gjer i forhold til dei vi har rundt oss. Kva kampar vi skal ta, og kva vi ofrar. Tittelen speglar, slik eg les det, nettopp dette, sjølv om Mytting i eit stutt avsnitt vinkar både til Stravinskijs ballett og heidenske ritual. Kva skal til for å drive vinteren ut av eit menneske? Ein må ofre noko for å vinne noko. Slik blir ”Vårofferet” både vond og vakker på same tid.

Skriv en kommentar

Send kommentar