Frie Tøyler > Knausgårds kamp

Knausgårds kamp

Min Kamp teiknar til å bli eit storverk av dei sjeldne i norsk litteratur.

Da Karl Ove Knausgård debuterte med ”Ute av verden” i 1998 vart han som fyrste debutant nokosinne tildelt kritikarprisen. I 2004 kom ”En tid for alt”, eit episk storverk som i motsetnad til store delar av den norske samtidslitteraturen våga gjere meir enn å krinse rundt oppvekst og seksuelle frustrasjonar i storbyen. Nå er Knausgård igjen på banen, og det er ikkje noko lite prosjekt han har gitt seg i kast med. Verket skal etter sigande bli på nærare 3000 sider når det er ferdigstilt utpå nyåret, og det handlar om forfattaren sjølv. Ambisiøst? Ja, men Knausgård skriv seg nærare menneska enn det av og til er godt å lese om. Derfor blir Min Kamp stor litteratur.

Utleverande

Min Kamp 1 er i starten ei oppvekstskildring. Dei har det vore mange av dei siste åra. Men Knausgård har ei anna tilnærming til stoffet. Han er meir utleverande, ikkje berre om seg sjølv, men og om familie, vener og kjente. For å seie det enkelt: eg er glad eg aldri har kryssa hans veg. Men dette er ikkje tendensiøst eller vondskapsfullt. Likevel – det verkar ikkje som om Knausgård har ein agenda mot dei han skriv om. Han skriv om sin kamp. Og historia hans dannar eit tydeleg bilde av forfattaren som seinare skulle kome, noko dei neste banda i serien truleg vil gå enda tydelegare inn i. Og dette handlar ikkje berre om Karl Ove Knausgård. Det handlar ikkje om ein person, ein familie eller eitt liv, men om oss alle. Vi har alle vårt.

Levande personar
Knaugårds litterære personar står fram som meir levande enn noko anna eg har lese – kanskje ikkje så rart, sidan dei han skriv om i stor grad er basert på hans eige liv og levande skikkelsar. Likevel – det er forfattaren Knausgårds evne til å skape liv i litterære karakterar som ber dette verket. Og kanskje fyrst og fremst karakterane rundt hovudpersonen Karl Ove Knausgård. For det er i stor grad desse personane som skapar karakteren Karl Ove. Dersom Knausgård klarar å fullføre dette verket slik han har starta det vil han bli ståande att som den kanskje største norske forfattaren i sin generasjon.

Karl Ove Knausgård ”Min Kamp. Første bok”
Oktober Forlag 2009

Skriv en kommentar

Send kommentar