Kjøtt til hovudrett – Seigmenn til dessert
Eg veit ikkje om det er berre meg, om det er fødselsåret mitt (1981) eller om det rett og slett berre er musikken – men starten av 80-talet er det utvilsamt mest interessante ved norsk rocks historie.
Boka ”Norsk Rocks Historie”, ført i pennen av Per Kristian Olsen, Asbjørn Bakke og Sigrid Hvidsten har fått undertittelen frå Rocke-Pelle til Hank von Helvete. Kvifor? kan ein kanskje spørje seg. For min del startar den norske rocken med Kjøtt, De Press og The Aller Værste på starten av 80-talet. Ei ny bølgje som slo utover norskekysten og ga gjenklang langt inn i engelske radioapparat og uavhengige kanalar. Den går via oppblomstringa av ein særeigen norsk musikksjanger – norwegian black metal, til det førebelse høgdepunktet i norsk rock – Seigmen. Innimellom der finn vi dei fire store, De Lillos, DumDum Boys, Jokke og Valentinerne og Raga Rockers som sidan har skapt grobotn for norsk på norsk-rocken – sist representert med årets beste norske plate så langt i år: John Olav Nilsen & Gjengen. Alt anna blir parentesar. Eller? Det er jo det som er så kjekt med slike verk – at dei får ein til å opne augo lenger attover i tida. Det er berre det at Norsk rock ikkje kan skilte med den mest interessante historia.
Material Tretthet
Ei rockehistorie kan også fungere som kulturhistorie. Det gjer dessverre ikkje denne. Eg fekk Norsk Rockeleksikon i konfirmasjonsgåve av syster mi. I dag er det så vidt permen held sidene saman. Så leksikon har eg frå før – og det har fungert heilt utmerka. Eg treng ikkje eitt til. Det blir faktisk meir frustrerande enn godt er at rockehistoria til Olsen, Bakke og Hvidsten legg seg så tett opp til leksikonstilen at eg fleire gonger tek meg i å leite etter utfyllande faktaboksar og årstal. Når det er sagt er scrapbook-stilen NRK og Cappelen Damm har valt til Norsk rocks historie bra, men kanskje litt stiv i forma. Etter dei fyrste femti sidene er det slutt på overraskingane, sjølv om det er morosamt med nostalgiske bilde og meir eller mindre smakfulle platecover. Som til dømes The Aller Værstes ”Material Tretthet”. Norsk musikkhistories beste cover – som har tålt tidas tann forbausande godt.
Rock er best på plate
Mye av arbeidet bak Norsk Rocks historie er allereie å finne i NRK-serien med same namn, så noko nybrottsarbeid er det ikkje snakk om her. Men likevel er boka med på å gjera rockehistoria meir tilgjengeleg mens vi ventar på Rockheim, som sikkert vil bli rennt ned av rockhungrige nordmenn… Men så var det rocken da – blir den ytt rettferd mellom to stive permar? Vel, rocken er nok framleis best på plate. Og ein kan framleis lese meir historie ut av å gå på platesjappa og kjøpe platene og lytte til musikken enn å låne augo til Norsk rocks historie. Sjølv om Rocke-Pelle sikkert er ein fin kuriositet og Hank von Helvete er moro for kidsa er det den norske bølgja på starten av 80-talet – norsk på norsk-rocken – som saman med svartmetallen er mest fascinerande. Og dette hadde kanskje fortent både større plass og større merksemd, og gjennom det kunne ”Norsk rocks historie” vorte meir enn eit semioppslagsverk om norsk rock – den kunne vorte ei kulturhistorie sett med rockebriller.


