Tulipomania
Mang ein sjømann har stranda i Amsterdam, byen som er flatare enn dei fleste, men likevel består av høgdepunkt etter høgdepunkt. Førre veke var det min tur til å forlise i Pannekakepolis. Vel er ikkje Amsterdam lenger den ultimate liberalarhovudstad – medan eg var der var den store snakkisen rettsaka som gjekk føre seg – om lovlegheita av sopp. Dyrking, sal og kjøp av sopp. Ja, det var sågar ikkje lenger lov å ha ein viss type sopp i hagen sin – sjølv om den voks der naturleg. Det minnar ikkje mykje om det gode, gamle frigjorte sjømannsparadis. Men: av alt det vakre i skaparverket var det ikkje soppen eg lot meg blende av. Ei heller dei prostituerte. Men tulipanen. Ein forbausande vakker skapning – om du gidd å ta deg tid til å gå den nærare etter i saumane. Og i desse finanskrisetider – også forbausande aktuell.
Historias fyrste børskrakk var nemleg forårsaka av tulipanen. Da hollendarane begynte å importere tulipanlaukar frå Tyrkia, vart desse nokså raskt gjenstand for spekulasjon. Dei var dyre og folk frå alle lag og klasser sette sparepengane over styr – for 3. februar i 1637 sprakk bobla. Tulipomani. Det store tulipankrakket. Vel; eg skal ikkje anbefale faglitteratur om tulipanar – til det er min kjærleik framleis for fersk. Men eg har i løpet av 2009 lese to norske skjønnlitterære utgivingar som båe tek for seg nettopp tulipankrakket! Nokså utruleg eigentleg. I mitt hovud like sannsynleg som at to nederlandske forfattarar skulle spunne henhaldsvis ei diktsamling og ein roman omkring Storofsen i 1789. Men altså: både lyrikar Øyvind Rimbereids ”Herbarium”, og totalromanforfattar Simon Strangers ”Mnem” har tulipankrakket som vesentlege bestanddelar.
Stranger gjer eit forsøk på å skrive den totale roman. Ein roman som skal romme absolutt alt. Så kan ein diskutere om det lykkast eller ikkje. Men den historia han fortel kring tulipankrakket er eit av høgdepunktene i boka (trass den geografiske plasseringa). Det er ei gripande historie om ein vanleg hardtarbeidande hollandsk møllar, som sett både mølla, familien og æra på spel for nokre skarve laukar. Semper Augustus og Admirael van der Eijck. Vakre namn og vakre blomar. Men akk, så farlege. I Rimbereids herbarium er diktet om tulipanen nesten vakrare enn blomen sjølv: ”….som ved magi en blomst med de mest forføreriske farger i rosa eller i mørkeblått.” Diktet heiter MANI, så det er ingen tvil om kva det dreier seg om.
Uansett – Øyvind Rimberied si diktsamling ”Herbarium” (nominert til Nordisk Råds litteraturpris 2008) og Simon Stranger sin roman ”Mnem” anbefalast på det varmaste, i tillegg til tulipanar frå Amsterdam.
Bjørn, nyfrelst tulipoman
(Biletet over syner den hollandske kunstnaren Hendrik Pot (!) sin allegori over tulipankrakket; Flora, gudinna for blomar, sit i ei vogn saman med tulipanspekulantar, medan det tulipanhungrige hollandske folket stimlar til bak vogna).


