Frie Tøyler > Gamle menn

Gamle menn


Eg har ein tendens til å hamne i senga med gamle menn. Sjølv er eg framleis ein relativt ung mann, men likevel, altså, denne dragninga mot eldre, eg må heller seie eldre, dei er ikkje alltid gamle. Berre nesten. Alltid. Gamle.

Og desse karane tek eg altså med meg til sengs. Eg tek dei i handa. Kryp under dyna. Brukar mobilen til å lyse framfor meg – finne att dei i mørkret, der –

Cormac, seier eg, du er lett å lese, men tung å fordøye, sjølv om dette er ei seng for gamle menn. Philip…du har lært meg om besværlege liv. Om frimerke og onani, og Lindbergh og jødar og vakre jødinner, du, gamle, gamle mann. Og eg har hatt P.O. på besøk. P.O. og livlegen har eg hatt på besøk. Og Torgny. Slikt eit vakkert namn på ein gamal mann. Min humlehonning, hakkepølse.

Og nå har eg vore utro. Eg har hatt med meg ei kvinne i senga. Ei ung kvinne – Gunnhild, fødd 1975. Ho synte meg eit perfekt bilete av eit personleg indre, men det var ikkje mitt indre. Eg venta, blinka med mobilen, før eg gjekk til bokhylla, la frå meg all genanse og verdigheit og plukka opp Solstad.

(Anbefalt gammal mann: Cormac McCarthy: ”Veien”

Skriv en kommentar

Send kommentar