Frie Tøyler > Bokåret 2009

Bokåret 2009

Ok, så har bokåret 09 vart ei god stund allereie. Det er eigentleg på hell, for å vera ærleg. Dei neste dagane kjem eg til å legge ut ein del bokanbefalingar – basert på eige lesing gjennom året, og særleg da siste halvår av 2009. Så får vi sjå når kritikarane skal oppsummere bokåret, om dei er samde med meg eller ei. I dag kjem det kort omtale om fem av dei beste norske bøkene eg har lest til nå i år

Einar O. Risa: M. Kanne & Søn 1923 – 1943
Etter mi meining ein av Noregs mest underkjende forfattarar. Einar O. Risa starta sin Stavanger-trilogi (må ikkje forvekslast med Arild Reins Stavanger-trilogi, sjølv om den også er meget god) i fjor med den fantastiske M. Kanne & Søn. Ei slags slektskrønike frå Stavanger så spekka med innfall, strålande karakterskildringar og språkleg meisterskap at det er ein fryd å lesa. Bok nummer to er nesten like god og eg kan nesten ikkje vente på det tredje og avsluttande bandet.

Gert Nygårdshaug: Klokkemakeren
Eg har vore svoren Nygårdshaug-fan i mange år. Årets bok frå Gert’n er den beste han har skrivi på lang tid, og er litt attende til røtene. Ei humoristisk men tankevekkande bok om tid, og vår tids forbruksmentalitet som etter kvart fører jorda mot kanten av stupet. Befolka med tradisjonelle Nygårdshaugskikkelsar og påhitt er dette ein sikker varmespreiar i haustkulda.

Hans Sande: Slepe rundt på døde dyr
Årets store litterære overrasking så langt. Hans Sandes nydelege roman om diktaren Olav H. Hauge og hans nesten fortrulege hjelpepleier Andor Skorpen på Valen psykiatriske sjukehus er stor litteratur. Skorpen drøymer om å bli diktar som Hauge, og kvar gong Hauge blir utskriven frå sjukehuset håpar Andor at han snart kjem att…Frå det ustyrteleg morosame til det djupt tragiske på berre drygt 150 sider, og likevel ei av bokhaustens sterkaste bøker.

Kjartan Fløgstad: Grense Jakobselv
Årets mest omtalte bok på norsk? Kjartan Fløgstad har skrivi betre bøker før, men denne er interessant fordi han pløyer ny mark i forfattarskapen gjennom sin fyrste historiske roman. Nå har noko av oppstyret kring boka gått på nett dette med upløgd mark eller ikkje. Fløgstad har nemleg, som romanforfattarar flest, forsynt seg av det rike historiefatet som finns, noko som fall enkelte (eller det vil seie, ein enkelt) historikar(ar) tungt for bringa. Ein ekstra bonus er at ein av karakterane i romanen ber klengenamnet Vinstra. Ei viktig bok om sanning og løgn, ansvar og skuld. Og takk og lov at den ikkje har kjelderegister…

Niels Fredrik Dahl: Herre
Ein roman om nokre av Noregshistorias mest kjende personar, Camilla Collett, Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven, fortalt gjennom augo til ein av dei minst kjende, Bernhard Herre. Herre var stormande forelska i Camilla Wergeland og var ein slags bodbærar mellom henne og Welhaven. Ei forteljing om eit mislykka menneske fortalt utan snev av sentimentalitet. Herre fekk fullstendig slakt i Morgenbladet av ein kvinneleg Camilla Collett-ekspert, og vart i anmeldelsen utsatt for noko av den same kritikken som Fløgstad: romanar er simpelt, ein skal ikkje ta seg til rette eller tukle med historia, historikarar har einerett på formidling av historisk materiale, og roomaner er alltid langt midre interessante enn historia sjølv. Ein ganske utruleg anmeldelse, og forøvrig ganske eineståande sidan Dahl har fått glimrande kritikkar for romanen elles. Vi kan altså konkludere med at i tillegg til mange gode bøker (så langt) har også ein særskilt dårleg litteraturkritikar openberra seg i offentlegheita denne bokhausten: den hårsåre førsteamanuensis Christine Hamm. Gratulerer til deg.

Følg med for fleire norske bokanbefalingar i nær framtid!

Skriv en kommentar

Send kommentar